
Vi er blant dei første tannklinikkane i Noreg som brukar kunstig intelligens som støtte i diagnostikk.
Det menneskelege auget kan berre skilje rundt 60 nyansar av grått i røntgenbilete, mens vårt AI-verktøy kan sjå over 700. Dette gjer at tannlegen får eit ekstra presist grunnlag for vurdering av røntgenbileta dine.
Tannlegen tek alltid den endelege avgjerda, men samspelet mellom erfaring og teknologi gjer at du får:
- Ein upartisk og automatisk «second opinion»
- Visuell forklaring av røntgenbileta – enklare å forstå for deg som pasient
- Fargekodar som viser moglege funn, som for eksempel byrjande hol
- Økt tryggleik for at diagnosen er korrekt
- Meir effektiv behandling og betre oppfølging over tid
