---
title: "Prisar for tannbehandling | Sogndal Tannlegesenter | Sogndal"
description: "Sjå oppdatert prisliste for tannbehandlingar. Få kostnadsoverslag og hjelp med Helfo-refusjon. Kontakt oss for meir info!"
url: https://sogndaltannlegesenter.no/priser
lang: nn-NO
---

# Prisar

Sjå den oppdaterte prislista vår under

## Behandlingar og kostnadsoverslag

For alle behandlingar over 5000kr vil vi alltid gi eit detaljert kostnadsoverslag før vi startar behandlinga.

## Prisar og Helfo-refusjon

I enkelte tilfelle kan du få refusjon frå Staten / Helfo for ulike typar tannbehandling. Vi hjelper deg med å avklare om du har krav på støtte, og sender søknad og oppgjer direkte til Helfo – slik at du slepp å legge ut sjølv. Les meir om [Helfos retningslinjer her](https://www.helfo.no/tannlege/regelverk-og-takster-for-tannlege/tilstander-som-kan-gi-rett-til-st%C3%B8nad-til-tannbehandling) eller spør oss. Les meir om kjeveortopedi og korleis refusjon frå Helfo fungerer for tannregulering [under eiga fane](/kjeveortopedi).

## Vanlege tenester

- Undersøking, røntgen, reinsing: kr 1 590–1 790
- Konsultasjon akuttpasient, timepris: kr 3 200
- Tannfarga fylling 1 flate: kr 1 300–1 450
- Tannfarga fylling 2 flater: kr 1 750–1 950
- Tannfarga fylling 3 flater: kr 2 150–2 400
- Tannfarga fylling 4 flater / komposittkrone: kr 2 900
- Røntgenundersøking (digitalt) pr bilde: kr 170
- Panoramabilde (OPG): kr 950
- Anestesi: kr 275
- Førebyggjande behandling, timepris (F.eks. fjerning av tannstein): kr 3 200

## Protetikk

- Kroner, alle typar (Teknikarpris kjem i tillegg): kr 6 200–7 000
- Stiftkroner (støypt i eitt) (Teknikarpris kjem i tillegg): kr 6 200–7 000
- Ikkje spesifisert protetikk, timepris: kr 3 200

## Porselen og gull/metall

- Porselensinnlegg, gullinnlegg, porselensfasetter (Teknikarpris kjem i tillegg): kr 5 500
- Fleire i same seanse (Teknikarpris kjem i tillegg): kr 5 000

## Bruarbeid

- Pr pilar (brufeste) (Teknikarpris kjem i tillegg): kr 6 200–7 000

## Protesearbeid

- Partiell protese (Teknikarpris kjem i tillegg): kr 13 000–16 000
- Helprotese kjeve (Teknikarpris kjem i tillegg): kr 12 000–14 000
- Rebasering (foring i protesen) (Teknikarpris kjem i tillegg): kr 3 500

## Kirurgisk behandling

- Utrekning av tann eller rot: kr 1 700–2 100
- Komplisert utrekning eller annan kirurgisk behandling, timepris: kr 3 200
- Kirurgisk oppdekking: kr 450

## Rotbehandling

- Rotfylling av tann med éin kanal: kr 5 400
- Rotfylling av tann med 2–4 kanalar: kr 5 800–6 600
- Evnt. ekstra seanse etter timepris: kr 3 200

## Tannkjøtsbehandling

Helfo refunderer ofte ein del av behandlinga.

- Timepris: kr 3 200

## Anna behandling

- Acrylskinne, tannbeskyttar: kr 3 200
- Bleiking av tenner 1 kjeve: kr 3 200
- Bleiking av tenner 2 kjevar: kr 5 000
- Refill av bleikemiddel pr sprøyte: kr 450

## Generelle tenester

- Omfattande US og utgreiing: kr 3 200
- Andre tenester, t.d. søknad til trygdekontor, forsikring osv., timepris: kr 3 200

## Fråvær

- Fråvær eller for sein avbestilling (Seinast kl. 11 arbeidsdagen før): kr 850
- Fråvær til oppsett behandling (Per 15. minutt): kr 700

## Diverse

- Tilvising, søknad, etc., timepris: kr 3 200
- Hygienetillegg pr seanse: kr 220

## Kjeveortopedi

Hos Sogndal Tannlegesenter ønskjer vi full openheit rundt kostnader. Pasient og føresette skal vite kva behandlinga kostar før oppstart.

Først gjennomfører vi ei førstegongsundersøking. Dersom det er behov for tannregulering, går vi vidare med full behandlingsplanlegging der kjeveortopeden presenterer anbefalt behandling og ei samla totalkostnad for heile behandlingsløpet.

Barn og unge som startar behandling før utgangen av året dei fyller 20 år kan ha rett på HELFO-refusjon. Støtta varierer etter behandlingsbehov, og krev tilvising frå Den offentlege tannhelsetenesta. Eventuell HELFO-refusjon blir trekt frå den samla totalkostnaden. Du kan lese meir om HELFO-refusjon, støtteordningar og kjeveortopedisk behandling på nettsida vår.

Prisane under er før HELFO-refusjon. Pasientar som har refusjon betaler berre ein eigendel av dette.

### Utgreiing

- Førstegangskonsultasjon: kr 1 500
- OPG: kr 950
- Profil røntgen: kr 1 050
- Pasient foto: kr 75
- Lite røntgen: kr 170
- Behandlingsplanlegging: kr 3 950

### Tradisjonell regulering

Pris blir vist som 1 kjeve / 2 kjevar.

- Enkel: kr 35 000 / kr 55 000
- Gjennomsnittleg: kr 55 000 / kr 65 000
- Avansert: kr 65 000 / kr 75 000

### Usynleg tannregulering / Aligners

Pris blir vist som 1 kjeve / 2 kjevar.

- Enkel: kr 42 000 / kr 58 000
- Gjennomsnittleg: kr 58 000 / kr 68 000
- Avansert: kr 68 000 / kr 78 000

### Anna

- Plate / avtakbar apparatur: kr 15 000–25 000
- Retractor til sending av bilete: kr 225
- Digital studiemodell: kr 1 100
- Fast Retainer (framstilling og montering): kr 3 500
- Stabiliseringsskinne: kr 2 800
- Retensjonskontroll: kr 800

## Finansiering frå Svea Finans – heilt utan rentekostnad!

Vi forstår at god tannhelse ikkje alltid kjem billig, og at det stundom er naudsynt med større behandlingar som kan tynge lommeboka. Difor har vi eit finansieringsalternativ via [Svea](https://self3.svea.com/app/apply/eff63c5b-fc0d-47f4-8adf-f2772d7821b6/new). Då kan du ta vare på smilet ditt utan å føle økonomisk ubehag.

- 6 månader rentefritt
- Del opp 12, 24, 36 eller 60 månader

[Bestill time](/bestill-time)
